av Gunnstein Akselberg
Sosioonomastikken har fått sitt eige tidsskrift, Nordisk tidskrift för socioonomastik / Nordic Journal of Socio-Onomastics, som kom med det første nummeret, NoSo 1·2021, i juni i år. Dette er ei svært gledeleg hending. Det er av mange grunnar viktig at den faglege disiplinen sosioonomastikk har fått eige eige tidsskrift. På denne måten vert disiplinen meir synleg i det fag-onomastiske landskapet, disiplinen har fått eit forum med fagleg fokus, tidsskriftet kan fungera rekrutterande til disiplinen og, ikkje minst, tidsskriftet viser det store breidda innom disiplinen. Mellom anna.
Første heftet dokumenterer svært godt den faglege breidda innom disiplinen sosioonomastikk. Det finst fleire ulike tilnærmingar til og oppfatningar av kva sosioonomastikk er eller bør vera. Føreordet signaliserer dette med å presisera kva som er oppgåva til tidsskriftet ved å sitera frå ein av artiklane i heftet: ”a contact zone, or space of convergence, for scholarship that examines the diverse ways in which names and naming shape, and are shaped by, worlds-in-the-making». [Alle feite former i sitata er mine.]
Redaksjonen presiserer vidare funksjonen til tidsskriftet og kjem dermed òg inn på ein tentativ og noko indirekte definisjon og avgrensing av disiplinen sosiolingvistikk:
«Tanken är att genom tidskriften sammanföra forskare från olika discipliner som arbetar med socioonomastiska frågor. Därför har tidskriften ett brett anslag och inkluderar artiklar som kan bygga på alla typer av namn, på historiskt såväl som modernt material, på olika typer av metoder, på teoretiska likaväl som praktiska frågeställningar och där analysen även kan innehålla annat än namnmaterial. All forskning som fokuserar på att skapa ny kunskap om namns betydelse i någon del av samhället på mikro- eller makronivå är välkommen. Socioonomastiken som forskningsområde har en tvärvetenskaplig ansats, både i relation till olika grenar inom språkvetenskapen och till andra vetenskapliga discipliner. I den här tidskriften är avsikten att synliggöra detta ytterligare så att forskning som har producerats inom olika ämnesområden får plats och kan berika varandra. Det behövs en mångfald av teorier, metoder och material för att förklara namns roll i samhället och lösa namnrelaterade samhällsproblem.» (side 5).
For å få eit inntrykk av korleis forfattarane av artiklane i dette heftet oppfattar sosiolingvistikken som disiplin og korleis dei praktiserer sosioonomastisk forsking, har eg gått gjennom artiklane, inkludert føreordet og dei konkluderande merknadane, og sett på bruken av termen sosioonomastikk. Ei slik registrering treng nødvendigvis ikkje seia noko absolutt om forfattarane si oppfatning av sosioonomastikken som disiplin, men bruken av termen sosionomastikk kan vera eit viktig signal om kva ein legg i termen og fagdisiplinen.
I og med at alle artiklane er på engelsk, forutan føreordet som både er på svensk og engelsk, har eg registret forma sociolinguistics og ikkje skilt mellom samansett og delt appellativ, sosiolinguistics versus socio-linguistics, eller som samansett eller delt adjektiv, socioonomastic versus socio-onomastic. Eg har dessutan registert nokre andre samansetjingar med prefikset socio- som sociopragmatics, sociolinguistcs etc.
Resultatet kjem fram i oversynet nedanfor. For kvar artikkel er nemninga som er registrert (appellativa og adjektiva er slått saman) ført opp som talet på registreringar i parentes etter nemninga. Talet på registreringar er tilnærmingsvis fullstendig. Termbruk i illustrasjonar og referansar er ikkje tekne med.
- Förord/Preface (2/4 sider):
• socioonomastik/socio-onomastics (4 belegg) - Places of power: Naming of affective places (21 sider):
• sociocultural (1 belegg)
• socioonamastics (2 belegg) - Referring to women using feminine and neuter gender: Sociopragmatic gender assignment in German dialects (24 sider):
• socionomastics (0 belegg)
• sociopragmatics (46 belegg) - The (im)morality of disease names: COVID-19 (21 sider)
• socionomastics (0 belegg) - Socio(historical) onomastics through the language-philosophical lens, with reference to early New England titles of civility (26 sider)
• socioonomastics (10 belegg)
• sosciohistorical onomastics (24 belegg)
med parentes: socio (historical) onomastics (16 belegg)
utan parentes: sociohistorical onomastics (8 belegg) - Signals of onomastic capital: From transhistorical roots to the contemporary globalized trend of sponsored names (36 sider)
• sociononomastics (2 belegg)
• sociocultural (2 belegg) - Concluding commentary: The social and political life of names and naming (7 sider)
• socioonomastics (11 belegg)
• sociopragmatics (6 belegg)
• sociological (1 belegg)
• sociocultural (1 belegg)
To av artiklane nemner ikkje termen socioonomastics i det heile og éin artikkel har eitt belegg. To av artiklane har to belegg av termen. Éin artikkel har 10 belegg og éin 11 belegg. Éin artikkel har 10 belegg av forma socioonomastics og 24 belegg av sosciohistorical onomastics.
Dei eine av artiklane som har 0 belegg av termen socioonomastics, har derimot 46 belegg av termen sociopragmatics.
Termen socioonomastics er såleis lite nytta i artiklane sett bort frå to av dei: artikkelen knytt til «early New England titles» og oppsummeringsartikkelen. Ser vi bort frå oppsummeringsartikkelen, er det altså berre éin av hovudartiklane som brukar nemninga socioonomastics frekvent.
At artiklane legg så lite vekt på termen sosionoonomastikk og kva denne termen uttrykkjer, kan vera eit symptom på ei felles underkommunisert forståing av fagfeltet som det ikkje vert sett på som naudsynt å utdjupa i dei einskile tilfella.
Mest interessant er kanskje at det nettopp er dei to artiklane – som er nemnde ovanfor – som nyttar termen socionoomastics mest, men på heilt ulike grunnlag. New England-artikkelen må seiast å vera den mest teoretisk orienterte, og som set sosioonomastikken inn i eit større allment lingvistisk perspektiv. Då vert termen sosionomastikk sentral. Oppsummeringsartikkel fokuserer derimot på innhaldet i alle hovudartiklane, men trekkjer likevel fram termen sosioonomastics. Dét er symptomatisk, men likevel forståeleg av di oppsummeringa skal relatera artiklane til den overordna disiplin-merkelappen.
Den «gamle» overordna merkelappen var onomastikk for dei fleste studiar som granska namn, hovudsakleg stadnamn og personnamn, i eit empirisk eller teoretisk perspektiv. Etter kvart er mange særdisiplinar skilde ut, men ein held likevel på hovudlekken onomastikk, sjølv om «det tradisjonelt onomastiske» – og ikkje minst det lingvistiske – ofte er sterkt redusert. Slik sett er artiklane i NoSo 1·2021 både gode «temperaturmålarar» på kva som rører seg innom sosioonomastikken i dag, men kanskje aller mest kan dei vera ein god peikepinn på kvar sosioonomastikken er på veg og korleis disiplinen fjernar seg frå dei tradisjonelle faglege røtene – og korleis disiplinen etter kvart røtar seg andre stader enn i det tradisjonelt faglege jordsmonnet. NoSo 1·2021 eit spanande bidrag til korleis termen sosioonomastikk, soscionomastics, både er plastisk og samstundes uttrykkjer eit fagfelt som gjennomgår ein kontinuerleg fagdisiplinær endringsprosess.