af Krister SK Vasshus
I doktorgradsprosjektet mitt prøver eg å finna ut kva stadnamna kan fortelja oss om vikingtidas kontakt i landområda kring Skagerrak. Prosjektet kan skildrast som historisk sosioonomastisk, (sjølv om dette ikkje er ein etablert og namngitt forskingsdisiplin på nåverande tidspunkt). Eg skal samanlikna gards- og bustadnamn i Grenland, Vestfold. Østfold, Båhuslen og Vendsyssel for å finna ut korleis og i kor stor grad folks samhandling på kryss og tvers av havet har påverka namneutvalet her. Hypotesen min er at stadnamna i dette området som følgje av kontakt liknar meir på kvarandre i type og innhald enn ein elles ville forventa.
At der var kontakt i dette området i vikingtida, er godt dokumentert på ulike måtar. Arkeologien og tidlege historiske kjelder fortel om politiske relasjonar i den høgaste samfunnseliten og handelssamband med import og eksport av bestemte varer. For eksempel skildra Ottar frå Hålogaland ei handelsreise på 800-talet til mellom anna Skiringssal i Vestfold og Hedeby i Slesvig, som er gjenfortalt i ei utviding av Historiarum adverta paganos libri VII. Eit anna eksempel er at dei frankiske annalane frå 813 fortel at dei danske samkongane Harald og Reginfred ikkje møtte opp til eit avtalt møte med Karl den store fordi dei var i den delen av kongedømet deira som heitt Vestfold der høvdingane og folket gjorde opprør (altså var Vestfold ein del av det danske kongedømet).
Kontakt mellom menneske går hand i hand med språkkontakt, og denne språkkontakten finn me tydelege spor av i området. Nettopp derfor har me dialektord i nordjyske dialektar som minner meir om norsk, som til dømes trudne og trokke (korresponderer til dei norske verba trutna og tråkka). Meir lydlege forhold kan òg nemnast, som at ein i Båhuslen seier odde og ikkje udde, som ein gjer i rikssvensk. Pronomenet eg blir i nokre jyske dialektar uttalt meir som i norske dialektar, æk – altså utan j i framlyd. Kort sagt, finst der mykje som tyder på gjensidig språkleg påverking over havet kring Skagerrak. Sjølv om stadnamn er ein viktig del av språket, har me ikkje ei god og samlande oversikt over korleis språkkontakten over Skagerrak har påverka stadnamna. Som kjelde til fortidas språk, er stadnamn særleg veleigna fordi dei er geografisk fastlåste, i motsetnad til dialektgrensene som beveger seg heile tida. Derfor gir undersøkingar av stadnamn ikkje berre spennande ny kunnskap om fortidas namngiving, men òg om sosiolingvistiske høve.
Der er verkeleg mange aspekt ein kan gå inn i når ein vil undersøka spor etter språkleg og kulturell kontakt i stadnamn. Eksempelvis kunne ein gå gjennom alle stadnamna som inneheld personnamn for å undersøka om ein har hatt noko felles mønster i personnamna. Eller du kan gå gjennom bestemte typar landskapstermar, som dal, kleiv og myr, og undersøka utbreiinga av dei i stadnamna i heile Skandinavia. Gudenamna som opptrer i stadnamn har Stefan Brink allereie gjennomgått, der han tydeleg kunne sjå regionale forskjellar i kva gudar som blei brukt i stadnamn kor. For eksempel er Ty nesten utelukkande å finna i Danmark, mens Ull/Ullinn berre finst i mellomsvenske og norske stadnamn sør for Trøndelag.
Som du ser, er ein full gjennomgang av alle aspekta av språkkontakt i Skandinavia enormt stort. Mitt prosjekt blir derfor avgrensa til å undersøka enkelte namneledd og korleis dei er samansette i området. Det kan vera namneklassar, altså gardsnamn som sluttar på –heim, –vin, –tveit og –stad, eller det kan vera språkledd som går igjen i mange stadnamn, som til dømes holt, hage eller sal. I desse namna skal eg undersøka samansetjingsmåtar og distribusjon for å bygga opp ei forståing om korleis stadnamna i Skandinavia er påverka av kontakten folka her hadde med kvarandre.
På kartet over ser du ein grov oversikt over namn samansett med holt, basert på moderne overflateform). Både i Sverige og Danmark har me tydelege knutepunkt for desse namna. I Noreg har me ikkje så mange av desse namna, men distribusjonen av dei som er der, er interessant. Kan det vera resultat av ein kontakt mellom dei svenske og danske områda der holt er mest vanlege? Det skal bli spennande å analysera og samanlikna namna grundigare, og komma eit lite skritt nærare å forstå det samla bildet av stadnamna i Skandinavia.
Vil du lesa meir om språkkontakt?
I denne teksten har eg skrive om korfor danske dialektar har eit keltisk ord for grevling.
I ein annan tekst skreiv eg om korleis ein handterer lånord og fornorsking i norsk.