Skarmunken – 1.4.1929–24.9.2024 – 95 år med eit konstruert namn

Av Aud-Kirsti Pedersen

Den 14.3.1929 kunne ein lese i Cirkulære fra Poststyret om at eit nytt poståpneri, Skarmunken, skulle oppstå på «dampskibsanløpstedet Skarmok» i Sørfjorden, dvs. den indre delen av Ullsfjorden i Troms fylke.

Nokre år tidlegare, 15.6.1917, hadde Skarmok brevhus blitt oppretta på denne staden, men få år seinare, 19.12.1923, blei det nedlagt. Før vi ser nærmare på namnet Skarmunken, skal vi sjå på namnet Skarmok.

På amtskartet over området frå 1874 finn vi Skarmok, som må reknast som eit opphavleg naturnamn, namn på ei vik, som har fått funksjon som grendenamn.

Kart over Troms Amt 10 iV 1874: https://histkart.kartverket.no/#id=167

I eldre skriftlege kjelder finn ein at skrivemåten Skarmok er nytta på 1800- og 1900-talet i kyrkjebøker og i folketeljingar. Før dette, på 1700-talet og første delen av 1800-talet, blir skrivemåten Scharmoch nytta, og det finst mange skriftlege belegg. Her er nokre døme frå Ministerialbok nr. 1, Karlsøy prestegjeld, 1775-1823:

Når vi jamfører med andre namn i kjelda, ser vi at <kk> i t.d. namnet Olderbakken blir skrive <ch>. Namnet Sjursnes blir skrive Schursnæs, og <Sch> representerer her [∫]-lyden. Ein kunne derfor vente at skrivemåten Schar- representerer uttalen [∫a:r], men dagens uttale [ska:r] gjer at ein må gå ut frå at skrivemåten <S> + <ch>- representerer uttalen [sk].

Skarmok må reknast som ei skriftspråkleg form brukt i norsk av eit opphavleg samisk stadnamn. Det originale samiske namnet er skrive ned av J. Qvigstad (1935: 65) som «Skarra-mǫk’ke, n. [n. = norsk] Skarmǫkk», Qvigstad opplyser at «der er et skar i fjellet», så ein må gå ut frå at han meiner at forleddet kjem av det norske ordet skar ‘innskjering, kløft i terrenget’. Hovudleddet er det nordsamiske ordet mohkki ‘vik, bukt’. Ei alternativ tolking av forleddet er at det inneheld det nordsamiske ordet skárrit (pl.) ‘saks’ – som to lokalkjente personar har hevda.

Den 21.1.2019 fastsette Tromsø kommune Skárramohkki som samisk grendenavn i ei namnesak reist av Sametinget, men det offentlege norske parallellnamnet Skarmunken var ikkje ein del av namnesaka.

Om ein skal tolke dei skriftlege belegga Scharmoch og Skarmok som attgjeving av munnleg bruk av det samiske namnet Skárramohkki, eller attgjeving av ei lydleg tilpassa namneform i norsk av det samiske namnet, er vanskeleg å vite. Det kan vere at dei norske skrivarane introduserte ei ny form av namnet på tvers av den munnlege språkbruken av namnet i både samisk og norsk, for den nedarva uttalen i norsk blant lokalkjende i dag er opplyst å vere /’skarmoka/, og både skrivemåtane Skarmokka og Skarmåkka har blitt nytta ein del i skrift i tillegg til Skarmok og Skarmokk. Namneleddet –mokka/-måkka av samisk –mohkki kunne ein tru hadde bakgrunn i kvensk mukka ‘bukt, vik’, men dette området har ikkje hatt kvensk busetjing, sjå J. A. Friis’ etnografiske kart 1861.

Eit anna døme på eit tostava nordsamisk terrengord på -i som har blitt lydleg overført til norsk med ending på -a, er-roggi ‘søkk, grop’ > -rogga i namnet Sevaroggi > Sevarogga (Pedersen 1996: 262). Kanskje kan ein sjå på –mohkki > -mokka og -roggi > -rogga som ei analogidanning etter mønster frå dei mange namneledda i norske stadnamn med hokjønnsord i bunden form eintal, t.d.-bukta, -vika, -gropa, -sletta o.fl.

Kor kom namnet Skarmunken frå?

I 1929, i det same året som poststadnamnet Skarmunken brått oppstår, publiserte Just Qvigstad boka Lappiske eventyr og sagn fra Lyngen II og fra Nordland. På sidene (404–407) kan ein lese om ein stein omtala som Skarmunken eller Beinsteinen:

I det same året oppstår Skarmunken poståpneri der Skarmok brevhus hadde vore før. Sidan Qvigstad hadde vore stadnamnkonsulent (Antonsen 2024), for Norges geografiske oppmåling, tidlegare namn på Statens kartverk, er det nærliggande å tru at han har blitt spurt til råds om å få til eit meir norsklydande poststadnamn enn Skarmok. Qvigstad hadde samla inn både samiske stadnamn, segner og eventyr i Ullsfjorden, så han hadde førstehands kjennskap til området. Det er interessant å merke seg at i eit intervju under innsamling av stadnamn i Ullsfjorden i 1989 hevda ein av informantane at det var Qvigstad som hadde funne på namnet Skarmunken:

«han Qvigstad – de va han såm døpte om Skarmokk te Skarmunken på gruɲɲ av påst å damp∫ipsækspedisjon. Å når det ikkje va navn, så la han no ett utnavn på de!»

Korfor skifte namn frå Skarmok til Skarmunken?

Det har ikkje lyktest å finne opplysningar om kva for motiv Postverket hadde for å byte ut namnet Skarmok, som då var gjeldande skriftlege form av namnet, med Skarmunken, men det er all grunn til å gå ut frå at namnebytet hadde å gjere med at Skarmok var eit namn som hadde samisk bakgrunn. Det rådande synet i tida var at samisk språk ikkje skulle brukast meir, og det gjaldt også dei samiske stadnamna, og i dette tilfellet eit namn i norsk språkbruk med samisk opphav.

Dette skjedde mens fornorskingspolitikken retta mot samar og kvenar pågjekk for fullt, og i offentlege skriv av 13.9.1928 og 18.3.1929 fastsette Forsvarsdepartementet retningslinjer for bruken av samiske namn på kart. På stader med berre samisktalande skulle ein omsetje til norsk dei delane av eit stadnamn som inneheldt visse vanlege terrengord. På stader med både samisk- og norsktalande skulle til vanleg berre stadnamn brukt av dei norsktalande stå på kart.

Om eit samisk namn lot seg omsette som heilskap, så skulle det gjerast dersom den norske forma ga eit høveleg namn. Om det fanst fornorska namneformer på folkemunne, skulle slike namn i størst mogleg utstrekning brukast. Vidare seier reglane at i enkelte tilfelle kunne ein konferere med namnekonsulenten om ei passande omsetjing av fellesnamn i stadnamn (NOU 1983:6 Stadnamn, s. 45).

I tilfellet Skárramohkki > Skarmok > Skarmunken er det ikkje snakk om omsetjing, men ei nyskaping eller ein konstruksjon av eit namn med lydleg likskap i for- og etterleddet med det originale namnet, men med eit heilt anna innahald av hovudleddet.

Namnebytet er blitt kommentert av to personar med lokal tilknyting, signaturen H. Edvin (1962) og Hans E. Johansen (1968):

H. Edvin (1962: 4): «Vi har mange samiske navn som har blitt omdøpt til norsk og dermed har mistet sin opprinnelse. – Som et eksempel kan nevnes Skaramokki (Saksvika) som har fått det urimelige navn Skarmunken, og den derværende tidligere samiske offerstein Bønnsteinen, som er blitt omdøpt til Munkesteinen. Imidlertid sier folk ennu i dag Skarmokka».

Hans E. Johansen (1968. 33): «Skarmok eller Skaramokki er et samisk navn og betyr på norsk Saksvika. Den alminnelige tendens til å «fornorske» samiske stedsnavn har ført til det meningsløse navn Skarmunken. I daglig tale heter det Skarmokka».

Kva er skilnaden på namna Skarmok(ka) og Skarmunken vs. Skárramohkki?

Det nordsamiske namnet Skárramohkki er det originale namnet som ligg til grunn for namnet Skarmokka, som er ei lydleg og morfologisk tilpassing av det samiske namnet til norsk. Om forma Skarmok(k) reflekterer ein tidlegare uttale av namnet i norsk eller samisk, eller om forma er uttrykk for korleis skrivarar har oppfatta namnet, kan vi ikkje vite i dag.

Når det offentlege vraka både Skárramohkki og Skarmok(ka) til offentleg bruk i 1929, er dette eit resultat av fornorskningspolitikken i samtida, og eit nytt grendenamn Skarmunken blei konstruert. Dette namnet er likelydande med namnet på ein stor stein eit stykke sørom grenda Skárramohkki/Skarmokka; og Qvigstad omtalar steinen som både Skarmunken og Beinsteinen. Lokalkjende hevda i 1989 at også Skarmunken som namn på steinen, er oppdikta. Bønnesteinen og Munken blei oppgjevne som namn på steinen.

Historikar Helge Guttormsen (2005: 196) omtalar steinen som Landbeinsteinen og seier at steinen er ein samisk offerstein. I ura ved steinen skal det vere funne bein, som blir sett i samanheng med samisk gravleggingsskikk i tidlegare tider.

Segna om steinen ser ut til å ha gjeve ideen om å bruke steinnamnet i ny funksjon som poststadnamn, og dette namnet fekk konsekvensar for grendenamnet. Poststadnamnet Skarmunken fortrengde offentleg bruk av Skarmok(ka).

På det første kartet i målestokken 1:50 000, kartet M711 1534-2 frå 1958, er Skardmunken på plass:

Historiske kart – Kartverket: https://histkart.kartverket.no/#id=15826

Forleddet er normert Skard- etter gjeldande normeringsreglar for norske stadnamn på denne tida. Forkortinga DS står nok for «dampskipsekspedisjon».

Forleddet Skar- i Skarmok(k)a er vidareført, men hovudleddet -mok(ka), av samisk mohkki ‘vik’, er erstatta av eit nytt ord med den same initiale lyden [m] og grafemet <m> som i det originale namnet, men hovudleddet i det nye namnet, -munken har eit heilt anna innhald.

Det er mange døme på at samiske stadnamn har blitt tekne i bruk på norsk, enten som lån av eit samisk stadnamn i norsk på grunn av språkkontakt mellom samisktalande og norsktalande, eller at eit samisk stadnamn er blitt overført til norsk ved språkskifte frå samisk til norsk.

Namnet Skarmokka er eit eksempel på eit namn som har blitt teke i bruk i norsk språk enten som innlån ved språkkontakt eller overført til norsk ved språkskrifte, men namnet Skarmunken er eit eksempel på eit konstruert namn, som er ei medviten omlaging av namnet på folkemunne, og namngjevinga har skjedd utanfrå og ikkje på folkemunne. Namnet er nok laga for å få til eit namn som inneheldt meiningsberande norske leksem.

Ringen slutta – ut med Skarmunken og inn med Skarmokka og Skárramohkki

Kartverket reiste 13.12.2023 namnesak om Skarmunken / Skarmok(ka) / Skarmåk(ka) som grendenamn etter å ha blitt kontakta av ein lokalkjend person om at det nedarva grendenamnet skulle bli formalisert til offentleg bruk.

Under høringa av namnesaka uttalte Sjursnes utviklingslag seg svært kort: «vi mener at stedsnavnet skal skrives Skarmokka» (Fråsegn Sjursnes utviklingslag, 30.1.2024 – utviklingslaget ivaretar også interessene til folk i Skarmokka). Tromsø kommune uttalte seg ikkje i namnesaka.

Språkrådet følgde 13.6.2024 opp med tilråding om skrivemåten Skarmokka, og uttalte at ut frå opplysningane i saka «virker Skarmokka/Skarmåkka som den formen som er brukt lokalt, både i skrift og uttale. Siden den vedtatte nordsamiske skrivemåten er -mohkki, virker det rimelig å bruke -o- også i det norske navnet. Det er også ønsket fra Sjursnes Utviklingslag».

Den 24.9.2024 gjorde Tromsø kommune eit samrøystes vedtak om Skarmokka som grendenamn, og endeleg har Skarmokka komme inn på offentlege kart saman med Skárramohkki.

Kjelde: Statens kartverk, Norgeskart.no 15.10.2024

Det er vanleg at ortografiske endringar i busetjingsnamn, t.d. endring frå ubestemt til bestemt form, fører til store avisoverskrifter og hissige debattar i aviskommentarfelt og i sosiale medium. I dette tilfellet har det berre vore éin liten notis i ei avis, og ingen reaksjonar i kommentarfelt og i sosiale medium. Kontrasten til andre namnesaker er slåande, og ein kan lure på korfor.

Litteratur og kjelder

  • Antonsen, Lene 2024: De lappiske stedsnavn (publikasjoner av Just Qvigstad).
  • Stadnamnintervju frå Ullsfjorden 1989 ved Mariann Solberg. Arkivmateriale ved Institutt for språk og kultur, Universitetet i Tromsø.
  • Cirkulære fra Poststyret, 14.3.1929. Norges Postmuseums bibliotek, NOPO/-/-/-: Sirkulærer fra Poststyret, 1929.
  • Edvin. H. 1962: Navnet Balsfjord. I avisa Tromsø, 9.3.1962,s. 4.
  • Friis, Jens Andreas 1861: Ethnografisk Kart over Finmarken. No. 1–5. 10 BI. Udg. af Videnskabsselskabet i Christiania, med Bidrag af Oplysningsvæsenets Fond 1861-62.
  • Guttormsen, Helge (2005): Fra istid til Læstadius. Lyngen regionhistorie. Bd. 1. Utgiver: Lyngen bygdebok.
  • Johansen, Hans E. 1968: Endreslekta. Fra Holmbukt i Ullsfjord og dens kognatiske sidegreiner tillikemed et resymé over de mest kjente slekter som er inngiftet i den. Fylkestrykkeriet. Tromsø.
  • Ministerialbok nr. 1, Karlsøy prestegjeld, 1775-1823.
  • Noregs offentlege utgreiingar. NOU 1983: 6 Stadnamn.
  • Pedersen, Aud-Kirsti 1996: Kronologi i namneparmateriale i lys av samiske og norske stadnamn i Kaldfjorden på Kvaløya. Kruken, Kristoffer (red.): Den ellevte nordiske navneforskerkongressen. Sundvollen 19.23. juni 1994. NORNA-rapporter 60, 235–270. Uppsala.
  • Qvigstad, J. 1929: Lappiske eventyr og sagn fra Lyngen II og frå Nordland. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo. Universitetsforlaget. Oslo – Bergen – Tromsø.
  • Qvigstad, J. 1935: Institutt for sammenlignende kulturforskning. Oslo.
  • Statens kartverk, historiske kart
  • Statens kartverk, Norgeskart