Av Aud-Kirsti Pedersen
Termen diglossi blir brukt om ein type vekslande språkbruk der to varietetar av eitt og same språk blir brukt ut frå forventa krav til språkbruken i offisielle eller private språkbrukssituasjonar eller språkdomene i samfunnet. Det er språkforskaren Charles A. Ferguson (1959) som har gjort termen kjent innafor språkvitskapen. Seinare har også veksling mellom ulike språk i forskjellige språklege domene innafor eitt og same språksamfunn også blitt rekna som eit diglossisk bruksmønster ut frå statusen til dei ulike varietetane i samfunnet. Klassisk diglossisk veksling mellom ein høg og låg variant av språket er t.d. den som ein finn i delar av Sveits der sveitsertysk vekslar mellom høgtysk i ulike domene.
Korleis passar eit slikt språkbruksmønster for det norske språksamfunnet? Vi skal her sjå på om termen diglossi kan høve for å karakterisere synet på og bruken av norske stadnamn med ein skriftspråkleg tradisjon på tvers av den nedarva lokale uttalen av stadnamnet. Vi skal også sjå litt på om diglossi kan kaste lys over bruken av norske og samiske stadnamn i eit samfunn som gjennomgår språkskifte.
Dagens norske språksamfunn er kjenneteikna av at det er allment akseptert at folk snakkar ein eller annan form for dialekt i både private og offentlege domene. I t.d. Prop. 108 L (2019-2020), innleiinga til lov om språk (språklova) blir det peikt på at dialektal variasjon er allment akseptert og brukt i offentlege rom i Noreg:
Dialektvariasjonen er ein del av det språklege mangfaldet i Noreg, og det er høg aksept for bruk av dialekt. Dialektmangfaldet er uttrykk for språkleg toleranse og demokrati. Noreg er eitt av få land i Europa med ein så liberal språkkultur. (Pkt. 2.1)
Dei siste femti åra har det òg vore ei jamn utvikling mot meir bruk av dialekt på stadig fleire område i samfunnet. Å akseptere norske talemål i alle situasjonar har gjort det mogleg å ha mektige posisjonar i samfunnet utan å endre eigen dialekt og tilpasse seg eit framandt språkideal. (Pkt. 3.1)
Gjeld dette norske bruksmønstret for munnleg bruk av stadnamn i Noreg?
Munnleg bruk av stadnamn i Noreg
Når ein arbeider med å dokumentere stadnamn, ønsker ein å finne fram til den forma eller dei formene som eit stadnamn har i daglegtalen til lokalkjende personar. Lov om stadnamn omtaler denne uttalen som “den nedervde lokale uttalen”, som etter stadnamnlova § 2 femte ledd blir forklart som “uttale som er overlevert frå tidlegare generasjonar, som har vore vanleg på staden, og som framleis er i levande bruk”. Den nedarva lokale uttalen kan vere vanskeleg å observere, og det er ikkje alltid liketil å få opplyst korleis denne uttalen er, for det kan vere ulike oppfatningar i eit lokalsamfunn om korleis namn blir uttalte. Den amerikanske sosiolingvisten William Labov har omtala problemet med å observere daglegtale, “the vernacular”, med omgrepet “The observer’s paradox”.
The aim of linguistic research in the community must be to find out how people talk when they are not being systematically observed; yet we can only obtain this data by systematic observation (Labov 1972: 209).
Ideelt sett burde ein altså observere språkbrukaren i ulike situasjonar for å få eit bilete av korleis ein person bruker språket, altså stadnamnet. Metodisk sett er det både tidkrevjande og utfordrande å observere språkbruk. Eit bestemt stadnamn er ikkje frekvent i språkbruken, så rein observasjon er ein metode som ikkje er praktisk mogleg å gjennomføre om ein vil ha fram opplysningar om den nedarva lokale uttalen av bestemte stadnamn innafor eit overkommeleg tidsperspektiv, t.d. i eit intervju. Ein innsamlar må ty til ulike former for utspørjing av ein heimelsperson, og ein må vere medviten om dei språklege strategiane som vil ligge til grunn for dei opplysningane som ein lokalkjent person oppgjev. Dei opplysningane som ein får fram om uttalen av stadnamn i eit intervju, kan variere, og ulike personar kan gje motstridande opplysningar.
Vanskane med å få fram opplysningar om den nedarva lokale uttalen av stadnamn er ikkje av ny dato. Oluf Rygh omtalte metodiske problem i 1897 ut frå røynslene sine med å samle inn uttaleopplysningar til Norske Gaardnavne. Arbeidet blei publisert først i 1990 av Oddvar Nes i tidsskriftet Namn og nemne. Rygh opplyser at skriftlege opplysningar frå forskjellige personar var vanskeleg å bruke av på grunn av at folk ikkje visste korleis dei skulle gje att uttaleopplysningar i skrift. Også i møte med lokalkjende personar viste det seg vanskeleg å få fram pålitelege uttaleopplysningar (Rygh 1990: 117):
[…] det viste seg uventet vanskeligt at faa den ægte, uforfalskede Bygdeudtale opgivet kanske af de fleste af de mangfoldige Almuesfolk, som examineredes. De vare næsten uden Undtagelse meget villige til at yde sin Bistand, men at bringe dem til at rykke ud med de virkelig i daglig Tale gjængse Former kostede ofte megen Møie og viste sig undertiden umuligt.
Grunnen til at dette var så vanskeleg, meinte Rygh kom av (ibid.):
[…] at Bygdeudtalens Former, som daglig bruges af Bygdens Befolkning i indbyrdes Samkvem, opfattes som Former af lavere Rang, der ere gode nok til dagligdags Brug, men som det ikke er sømmeligt at anvende i Skrift eller i Samtale med Folk, der ikke selv tale vedkommende Bygds Maal.
Det har no gått 126 år sidan Rygh skreiv dette, og det er allment kjent at i det norske språksamfunnet er det akseptert at folk snakkar ein eller annan form for dialekt også i offentlege domene.
Vi har likevel mange døme på at folk ser annleis på dialektbruk i det offentlege domenet når det gjeld stadnamnuttale om namnet har ein innarbeidd skrifttradisjon. Det rådande synet også i dag er ikkje svært ulik situasjonen omtala av Rygh på slutten av 1800-talet. I saker der Kartverket har normert stadnamn i tråd med den nedarva lokale namneuttalen brukt i daglegtalen blant lokalkjende, kan negative haldningar til skriftfesting av uttalen ofte komme til syne både i høyringsfråsegner og i avisinnlegg.
Dømet Jøvika i Tromsø kommune
I ei namnesak i Tromsø kommune i 2018 om skrivemåten Jøvik eller Jøvika for eit naturnamn (vik) med sekundær funksjon som gardsnamn og bruksnamn, uttalte ein brukseigar:
Jøvika har bare blitt brukt i dagligtale, alltid skrevet Jøvik og ingen grunn til å forandre dette.
Kartverket fastsette Jøvika som skrivemåte for både naturnamnet og gardsnamnet, og Jøvik som ein eigarfastsett skrivemåte av bruksnamnet, og vedtaka blei ikkje påklaga. Seinare fastsette Tromsø kommune Jøvik i funksjon som bygdenamn, og Kartverket klaga på dette vedtaket. Kommunen heldt oppe eige vedtak i klagesaka, så saka blei send til avgjerd i Klagenemnda for stadnamnsaker, som fastsette skrivemåten Jøvika for både naturnamnet, gardsnamnet og bygdenamnet (vedtak av 26.3.2021).
Med referanse til dette vedtaket og eit avisoppslag i Nordlys 7.6.2023 om feilskrivne namn på vegskilt i Tromsø kommune kommenterte eit lesarinnlegg i Nordlys 12.6.2023 på denne måten:
Då Tromsø kommune skulle fastsette skrivemåten til bygdenavnet, blei det nekta for på lokalt hald at bestemt form av bygdenamnet var i munnleg bruk. I lesarinnlegget ser det ut til at skribenten ikkje nektar for at bunden form er brukt lokalt, men skribenten ser ut til å meine at på den eine sida har namnet ei dialektform i bunden form, og på den andre er skriftforma, som har brukt å vere i ubunden form, i avisinnlegget feilaktig tolka som bokmålsform. Skrivemåten Jøvik er verken ei bokmåls- eller nynorskform – rett nemning er skriftspråkform. Innlegget illustrerer godt synet på at dialektforma ikkje høver som normeringsgrunnlag til offentleg bruk. For å understreke poenget med at dialektformer ikkje høver til bruk i skrift, blir namnet Kartverket skrive “Kartværske” for å illustrere at dialektal apiko-postalveolar uttale [ʂk] av <rk> ikkje passar til bruk i skrift.
Dømet Litje-Sommarøya, også i Tromsø kommune
Eit anna døme som illustrerer synet om at dialektformer av namn ikkje høver til bruk i skrift, kjem til syne i ei pågåande namnesak. På offentlege kart har eit øynamn vore skrive Litle Sommarøya i tråd med normeringspraksisen som rådde før lov om stadnamn tok til å gjelde. Den nedarva lokale uttalen av namnet er [”liçesumarøya]. Tromsø kommune, som skal gje namnet ein ny funksjon som adressenamn, ønskte namnesak for Litle Sommarøya, og namnet på den nærliggande større øya, Sommarøya, måtte takast med i namnesaka. I den lokale høyringa uttalte ein lokal organisasjon:
Her erfarer vi at fra de eldste her ute (93 år) til dagens skoleelever skriver vi Lille Sommarøy og snakker om Lille Sommarøya. Noe annet enn Lille Sommarøy som riktig stedsnavn er det etter lokalsamfunnets klare tilbakemelding ikke grunnlag for” (brev av 15.12.2022).
Etter tilråding frå Språkrådet fastsette Kartverket skrivemåten Litje-Sommarøya og Sommarøya. Vedtaket er kommentert og grunngjeve slik:
Kartverket finner det dokumentert at den nedarva lokale uttalen av de to øynavna er i bestemt form, /’’sommarøya/ og /’’liççesommarøya/. I tillegg finnes yngre uttaleformer som /’’liʎʎesommarøya/ og /’’lillesommarøya/. [1] Uttalevarianter i ubestemt form blir kommentert seinere.
Folk med lokal bakgrunn uttaler navna i bestemt form i dagligtalen mellom lokalkjente, men på grunn av skriftforma Sommarøy i ubestemt form, er det nok vanlig å meine at den lokale uttalen av navnet ikke er den «riktige» forma av navnet. Om skriftforma avviker fra den muntlige navneforma av et navn, er det vanlig å regne skriftforma som den «egentlige» og «rette» navneforma.
I uformelle og muntlige språkbrukssituasjoner er det vanlig å bruke bestemt form av navnet blant lokalkjente, men i formelle situasjoner vil nok ubestemt form kunne bli brukt i samsvar med skrivemåten i ubestemt form. Når man har et fast bruksmønster av navneformer som veksler etter stilnivå og grad av formalitet, kan bruksmønstret omtales som et diglossisk bruksmønster (Vedtaksbrev av 25.5.2023).
Sidan skrivemåten litje ikkje er ein del av verken nynorsk- eller bokmålsrettskrivinga, blir skrivemåten nærmare grunngjeve og forklart i vedtaksbrevet til Kartverket:
Litle, lille, litje
Bestemt form av adjektivet liten blir uttalt /’’liççe/ i den tradisjonelle dialekten i det som før var Hillesøy herred (se f.eks. Ragnvald Iversen (1913) Senjen-maalet. Lydverket i hoveddrag, s. 63). Lyden «ç» er historisk sett utvikla av konsonantsekvensen «tl» i gammelnorsk. Siden «t» er en ustemt lyd, har den etterfølgende stemte «l» blitt til en ustemt lyd, og endringa fra «tl» til lang «ç»-lyd er et eksempel på en assimilasjon av lyder. Språkhistorisk er derfor skrivemåten «litle» riktig normering av uttalen /’’liççe/. Denne skrivemåten er i samsvar med måten ordet blir normert i nynorsk. Siden nynorsk er lite brukt lokalt, kan skriftbildet «litle» framstå som avstikkende. De negative holdningene til språket nynorsk var nok årsaken til at Kartverket alt i 1992 fastsatte skrivemåten Litje– i lokale navnevedtak etter lov om stadnamn. Skrivemåten «tj» for «ç»-lyden kjenner vi i ord som «tjære, tjukk, tjore», og i tillegg til å representere dialektuttalen «ç» ivaretar skrivemåten også ordets språkhistoriske bakgrunn, «tl» til «tj».I tillegg til den tradisjonelle dialektuttalen /’’liççe/ har dialekten også en yngre uttale med uttalevariantene /’’liʎʎe/ ~ /’’lille/. Når et navn skal tas vare på som kulturminne (§ 1 i stedsnavnloven), er det den nedarva lokale uttalen som er normeringsgrunnlaget, og det er denne uttalen, /’’liççesommarøya/, som er verneverdig og skal tas vare på som kulturminne, se § § 1 og 2e i lov om stadnamn. Kartverket har fastsatt skrivemåten som Språkrådet har tilrådd. Det kan diskuteres om navnet burde skrives med eller uten bindestrek. Siden norsk språk ikke har klare regler for bruk av bindestrek, har vi valgt å følge tilrådinga fra Språkrådet, som går inn for å bruke bindestrek for å lette leseuttalen av navnet.
Ikkje uventa har det blitt sett fram ein klage på vedtaket Litje-Sommarøya. Klagen er frå ein lokal organisasjon og blir grunngjeven slik:
Etter det vi kjenner til, er det ingen nålevende personer som har brukt og bruker navnet Litje-Sommarøya. Ingen i styret kan tenke seg at dette navnet noen sinne har vært brukt på folkemunne her ute. Vi kan heller ikke forstå hvor [sic.] nåværende navn som brukes, må skiftes ut da dette er velkjente navn. Dagen [sic.] navn som benyttes, er Lille Sommarøy (som brukes når det er ukjente personer som skal få stedfestet navnet på øya). Ellers benytte [sic.] navnet Likjesommarøy(a) på folkemunne og i dagligtale.
Vi ser her at organisasjonen reagerer på skrivemåten <Litje-> som tidlegare ikkje har vore brukt som offisiell skrivemåte av dette stadnamnet, men samstundes bekreftar klagarane at det finst ein lokal uttale, [”liçe], dvs. den nedarva lokale uttalen, som klagarane gjengjev med skriftteikna <kj>. Lyden [ç] i norsk blir skrive både <tj> og <kj>, alt etter kva for ord lyden inngår i, jf. ord som tjukk, tjeld, kjøpe og ikkje. Skrivemåten av orda er språkhistorisk motivert. Det finst fleire ord i norsk med skrivemåten <kj> enn <tj>, så frekvens kan vere forklaringa på synspunktet som blir hevda. Men vi ser at klagarane først og fremst ønsker ein skrivemåte Lille og ubestemt form av namnet, begge delar er former på tvers av den nedarva lokale uttalen, som altså er vanleg kjent og brukt i lokalsamfunnet. Klagen er enno ikkje saksbehandla, så tida får vise utfallet.
Desse to døma illustrerer ein typisk dikotomi i norsk språkbruk i synet på dialektform og skriftspråksform i tilfelle der stadnamnet har ein skriftspråkstradisjon. Dei to formene har klårt skilde bruksområde i samfunnet, og derfor må det vere rett å seie at brukssituasjonen er karakteristisk for ein diglossisk variasjon i bruken av språket.
Diglossi og minoritetsspråk i Noreg
Det er allment kjent at tidlegare har det vore klåre mønster for bruksområda til minoritetsspråka samisk og kvensk vs. norsk i det norske samfunnet. Dette blir også peikt på i Prop. 108L (2019-2020) pkt. 3.2.1 om at Noreg var eit sterkt diglossisk samfunn under fornorskingstida, og at det var forbode å bruke samisk og kvensk i offentlege domene, som t.d. skolen. Kan dette bruksmønstret ha noko å seie for t.d. utanforståande som prøver å få tilgang til opplysningar om bruken av stadnamn i eit samfunn der menneska har levd med dei språklege bruksmønstra som fornorskningstida førte med seg?
To intervju frå 1985 med ein og same person, ei tospråkleg kvinne fødd i 1923, og to intervjusituasjonar, ein på norsk og den andre på samisk, gav nokså ulike resultat. Kvinna som snakka ein sjøsamisk dialekt og ein norsk dialekt karakteristisk for området ho kom frå, blei først intervja på norsk av to personar. Den eine var ein yngre norskspråkleg mann, som arbeidde på kulturkontoret i kommunen. Som medhjelpar hadde han ein middelaldrande tospråkleg mann (sjøsamisk/norsk) frå området. Medhjelparen var ikkje tilsett i kommunen, men kjent av mange i lokalsamfunnet. I det andre intervjuet seinare det same året blei kvinna intervjua på samisk av ein person som snakka godt nordsamisk etter å ha studert språket, men intervjuaren hadde ikkje hadde nordsamisk som morsmål. I begge intervjua blei det brukt lydbandopptakar, og opplysningar blei noterte både i eit hefte og på kart.
I det første intervjuet med norsk som intervjuspråk blei 65 stadnamn oppgjevne. Berre fire av desse namna var av typen heile lydlege tilpassingar av namn i norsk frå samisk. Fjorten var av typen samansette tilpassingar der forleddet kom frå samisk og hovudleddet var norskspråkleg. Dei øvrige 47 namna var innhaldslån eller sjølvstendige namnelagingar i norsk. I det andre intervjuet med samisk som intervjuspråk blei 73 namn oppgjevne, i alt 138 stadnamn i begge intervjua. Berre 27 av namna i dei to intervjua hadde parallellnamn på dei to kontaktspråka slik at resultatet frå intervjua frå eitt og same geografiske område stod fram som nokså ulike, med altså 46 samiske namn utan motsvar i norsk.
Ein modell som illustrerer materialet, kan visualiserast slik:
Det er ikkje mogleg å forklare ulikskapane i det innsamla materialet berre på bakgrunn av eit diglossisk bruksmønster mellom samisk og norsk. Det er mange forhold som må vurderast for å forstå korfor materiala er blitt så forskjellige trass i at det er ein og same person som er kjelda til namna.
Personen som brukte samisk som intervjuspråk, hadde tilgang til materialet frå det første intervjuet. Intervjuaren spurde derfor om korfor informanten ikkje hadde opplyst om dei samiske stadnamna i det første intervjuet. Informanten svarte at intervjuarane ikkje hadde spurt ho om namn på desse stadene. Dette viste seg likevel ikkje å stemme, for i det første intervjuet blei informanten fleire gongar spurd om kva stadene blei kalla på samisk, men ho opplyste berre om det norske namnet. Nokre gongar svarte informanten at ho ikkje hadde høyrd staden bli omtala på samisk. Ved eitt tilfelle opplyste informanten meir generelt om bruken av stadnamn i norsk og samisk ut frå namnet Torvemyren (fleirtalsform) på norsk, som blei kalla Darfejeaggi på samisk (nordsamisk: darfi ‘mose, torv’; jeaggi ‘myr’). Intervjuarane spurde «brukte dæm de namne?», og fekk til svar, «dæm brukte de namne visst de va to såm snakka samisk seg i mæljla, så bei dæm jo snudd om te samisk, å va de no ikke snakka de, så va de brukt nårsk». Dette kan ein oppfatte slik at ein del leksikalsk gjennomsiktige namn blei brukte på det eine eller andre språket alt etter kva for språk som blei brukte i samtalen mellom folk.
Det kan vere fleire grunnar til at resultatet av dei to intervjua er blitt nokså ulike. Det kan vere ufullstendige intervju. Intervjupersonane har ikkje brukt utspørjingsteknikkar som har fått informanten til å fortelje utfyllande om stadnamntradisjonen i området. Intervjuarane kan ha fokusert på ulike geografiske område under intervjuet, og det kan derfor ha oppstått «hol» i materialet. Sjølve intervjusituasjonen med val av intervjuspråk kan ha sett informanten i ein bestemt modus, som har fremma eller hemma minnet om namn på dei to språka.
Ein annan måte å tolke ulikskapane på er at den norskspråklege vs. den samiskspråklege intervjusituasjon har fått informanten til å tolke ulikt kva for namn innsamlarane var interesserte i. Det kan også vere at alle stadene ikkje hadde namn på begge språk. For å forstå betre dei ulike resultata, ville det ha vore naudsynt med oppfølgingsintervju.
I det norskspråklege intervjuet kjem det fram interessante opplysningar om haldningar til stadnamn i eit område som har gjennomgått eller heldt på med å gjennomgå språkskifte frå samisk til norsk – ikkje berre i den generelle bruken av språk i lokalsamfunnet, men også i bruken av lokale stadnamn. Ein av korrespondansane mellom namn på samisk og norsk viste at ei vik i sjøen blei omtala som Diŋŋalmohkki eller Diŋŋalluokta i samisk (jf. nordsamisk: diŋal ‘nesetipp (på hund o.l.); mohkki ‘krok, sving, buktning’; luokta ‘vik, bukt’) og Dingabukta eller Sørbukta på norsk.
Informanten kommenterte at bukta hadde fått endra namn i norsk frå Dingabukta til Sørbukta:
Informant: ”no i ny ti vi har byɲt å si Sørbukta, vi e ikke så gammeldags meira at vi si Dingabukta å Dingahaugen».
Intervjuar: «å ja, så no e de Sørbukta?»
Informant: «Ja, no e de Sørbukta, å Sørbuktelva – vi e blidd modærne – mæn de e ingen som si Sørbukthaugen, de e Dingahaugen. De e først no di siste åran at vi har vi har byɲt å si Sørbukta, vi e ikke meir samisktalene no mæir no her på Kviteberg. Dæm e dø aljle sammen”.
Vi ser at informanten koplar bruk av samiske stadnamn til «gamle dagar» og at samisk språkbruk i 1985 ikkje var moderne, og at dette har komme til uttrykk ved å endre eit namn språkleg sett. Eit namneledd Dinga-, som kan ha blitt leksikalsk innhaldstomt i ein norskspråkleg kontekst, er blitt bytt ut med Sør-, eit leksikalsk tydingsberande element.
Konklusjon
Vi ser at termen diglossi er nyttig for å forstå korfor norske språkbrukarar ikkje ser på den nedarva lokale uttalen av eit stadnamn som “riktig” representajon av eit stadnamn om namnet har ein skriftspråkstradisjon, og denne skriftspråkstradisjonen ikkje er i samsvar med den nedarva lokale uttalen av namnet. Derimot kan ikkje språkbruksmønster av typen diglossi forklare ulikskapane i det samiske og norske stadnamnmaterialet i dei to intervjua frå 1985. I språkkontaktsituasjonar er det mange og komplekse forhold knytt til språkbruken som må takast om syn til for å forstå ulikskapar i stadnamnmateriala i norsk og samisk i eitt og same område.
Litteratur
- Ferguson, Charles A. 1959: Diglossia. Word 15:2, 325-340, DOI: 10.1080/00437956.1959.11659702
- Kåven, Brita – Jernsletten, Johan – Nordal, Ingrid, Eira, John Henrik og Aage Solbakk 1998: Sámi-dáru sátnegirji. Samisk-norsk ordbok. Davvi Girji OS
- Labov, William 1972: Sociolinguistic Patterns. Philadelphia. University of Pennsylvania.
- Rygh, Oluf 1990: Hvad der er gjort i Norge for at samle Materialer til Belysning af Landets Stedsnavne. Utgjeve av Oddvar Nes. Namn og nemne. Tidsskrift for norsk namnegransking, 103-121.
- Lov om stadnamn. Lov-1990-05-18-11. Sist endra 1.7.2019. (lese 20.7.2023).
- Prop. 108 L (2019-2020) Lov om språk (språklova) (lese 20.7.2023).
- Sakspapir arkivert hos Kartverket Troms og Finnmark
- Stadnamnintervu arkiverte ved Universitetet i Tromsø, Noregs arktiske universitet.
[1] Lydskrifta i saksdokumentet er forenkla for å gjere det lettare for folk utan kjennskap til lydskriftkonvensjonar å lese lydskrifta. I tillegg til øynamnet Litje-Sommarøya inngår også namnet på naboøya, Sommarøya.