av Gunnstein Akselberg
All klassifisering er utfordrande. Klassifiseringar har som oppgåve å rydda i materielt og immaterielt datamateriale av ulikt slag. Klassifiseringar byggjer på jamføringar som skal avdekka samanhenger, fellestrekk og ikkje minst særtrekk. På den måten kan ein finna ukjende mønster i datamateriale, synleggjera framande relasjonar mellom ulike data og avdekka eventuelle kausale tilhøve.
Heile tilvêret er fullt av klassifiseringsaktivitetar. Me klassifiserer inntrykk, opplevingar, kjensler, mentale tilhøve og konkrete objekt. Det fyrste me gjer når me møter ukjende personar, ukjende situasjonar eller ukjende opplevingar og inntrykk, er å putta dei inn i ein eller annan kategori eller bås for å få oversikt, forståing og tryggleik.
Mennesket har ein sterk trong til å ha eller få «orden» på alle inntrykka som sviv rundt ein – frå ein står opp om morgonen til ein legg seg om kvelden – nettopp for å etablera orden i ein kaotisk «inntrykkskvardag». Kategoriar er viktige av di dei skapar – for den einskilde eller for sosiale grupper – «orden» i eit «impulskaos», og gjer det mogeleg å manøvrera i «kaoset» på ein spontan eller gjennomtenkt måte som ein opplever å vera tenleg, fornuftig og rasjonell – i kvardag og i fest.
Innom ein kvar vitskap er innsamling av nye data og kategorisering av desse, ein sentral aktivitet av di dei framskaffar ny innsikt og ny kunnskap. Nye vitskaplege nyvinnigar kan føra til kategorijusteringar eller til etablering av nye kategoriar. På denne måten oppstår såleis ny kunnskap og ny innsikt, og vitskapane «utviklar seg» på dette viset vidare. Stendige justeringar av eldre kategoriar og etablering av nye kategoriar, er såleis grunnleggjande vitskaplege aktivitetar som både legitimerer vitskapleg arbeid og som gjev oss større forståing av mennesket, av verda og av tilvêret.
Dersom kategorijusteringane er store eller dersom justeringane fører til nye kategoriar som bryt med den innsikta og den kunnskapen ein allereie har, plar ein i vitskapen snakka om paradigmeskifte eller eventuelt om vitskaplege revolusjonar. I særtilhøve kan slike brot og skifte føra til nobelprisar, særleg innom medisin og fysikk.
Etter som vitskapen «utviklar seg» har me gjennom historien fått fleire og fleire vitskaplege «spesialkategoriar». Eit eksempel er lingvistikken eller grammatikken som i den klassisk romersk-greske forma var ei relativt avgrensa eining eller kategori, og som i dag er erstatta av, eller har utvikla seg til, eit mylder av «underkategoriar». Ein av desse underkategoriane vart til sosiolingvistikk og ein annan til onomastikk.
Ein av grunnane til denne «underskogen» av kategoriar, og det gjeld alle vitskaplege fag, er at dei tradisjonelle og etablerte kategoriane tek opp i seg innsikt, kunnskap og metode frå éin annan eller frå fleire andre kategoriar eller vitskapar. Det finn altså stad ei kategorikrossing. Sosiolingvistikken er eit godt eksempel på kategorikrossing. I nyare tid har på denne måten den nye kategorien sosioonomastikk vokse fram, ein kategori som altså kan tolkast som ei kategorikrossing mellom onomastikk og sosiolingvistikk.
Eit viktig spørsmål blir om sosioonomastikken som kategori har ført til ny kunnskap og innsikt. Artiklar, bøker og tidsskrift som er skrivne og publiserte under merkelappen «sosioonomastikk», kor sosioonomastiske er dei eigenleg? Er fleire av desse tekstane eigenleg berre døme på keisarens nye klede når dei smykkar seg med kategoriappellativet sosioonomastikk? Mange av arbeida som direkte eller indirekte ber merkelappen sosioonomastikk, er nok vitskapleg sosioonomastiske, men gjeld det alle arbeida som ber denne merkelappen?

Klassifisering og kategorisering er krevjande, og svært ofte finst det katagoriske overlappingar. Men bør ikkje eit sosioonomastisk arbeid vera kjenneteikna ved noko sær-sosioonomastisk som gjer at det råd å skilja arbeidet/teksten nokonlunde tydeleg frå andre onomastiske arbeid/tekstar? Er sosioonomastikken blitt ein samleterm for forskjellige onomastiske arbeid? Er sosioonomastikken blitt ein ny vitskapleg samlesekk meir enn ein ny vitskapleg særsekk? Eg Sosioonomastics blitt til Mixed Onomastics?