Forsøk på å skissera bakgrunn for ein definisjon av disiplinen
af Gunnstein Akselberg
Uavklart fagleg avgrensing
Sosioonomastikk er eit fagfelt som er meir eller mindre klart formelt definert. Derimot finst det ei eller anna uavklart samforståing mellom namnegranskarar kva sosioonomastikk er. Utan ei slik uavklart samforståing ville det vera umogleg å halda seminar, konferansar og workshops om sosioonomastikk, skriva artiklar og produsera antologiar innom sosioonomastikk, og etablera eit blogg-nettverk og eit fagtidsskrift innom sosioonomastikk.
Meir enn fagonomastikk
Dei seminara/workshopane som vi har hatt, har ikkje berre hatt deltakarar frå onomastikken og onomastikarar. Me har òg diskutert innspel og deltaking i det sosioonomastiske feltet med representantar frå andre fagfelt enn onomastikk, lingvistikk, nordistikk og framandspråk, som til dømes historikarar, sosiologar og etnologar.
Prosess, kjerne, deduktive og induktive perspektiv
Som alle andre fagfelt er sosioonomastikken også prosessuell: Faget endrar seg etter som tida går, på grunnlag av dei aktuelle studieoppgåvene og dei praktiske forskingsoppgåvene, og etter samspelet med andre fag. Verken sosioonomastikken eller andre vitskaplege fagfelt er statiske, men har ein større eller mindre grad av dynamisk karakter. Fagfeltet sosioonomastikk kan såleis både snevrast inn og utvidast. Etter kvart kan me få ulike undergrupper i sosioonomastikken med sine eigne merkelappar, slik me ser i dei fleste andre vitskapsgreiner. Altså eit slags «top-down»-perspektiv der me tek utgangspunkt i eit fagleg minimumskrav som representerer ein sosioonomastisk kjerne, og så karakteriserer me fagfeltet sosionoomastikk på grunnlag av dei faglege aktivitetane og den forskinga som tilfredsstiller den på førehand faglege definerte kjernen, og karakteriserer eller definerer så disiplinen ut frå den faglege kjernen og dei særtrekka som karakteriserer dei forskjellige forskingsoppgåvene, studiane og faglege tilnærmingane. Altså eit slags deduktivt perspektiv.
Men me kan også snu problemstillinga på hovudet å studera sosioonomastikken som ein overterm eller samleterm for forskjellige onomastiske aktivitetar som skil seg ut ved å ha noko felles – som t.d. studieobjekt, empiri, metode, teori, kontekst etc. Slik blir sosionomastikken ein samlesekk for studiar og vitskaplege aktivitetar med mange ulike faglege utgangspunkt. Altså eit «bottom-up»-perspektiv. I dette tilfellet samanliknar og jamfører me ulike studiar og forskingsoppgåver som har eit felles onomastisk perspektiv med vekt på den relasjonen som fyrstelekken i nemninga sosioonomastikk, sosio, representerer. På denne måten får me ei avgrensing eller ein definisjon ut frå eit slags induktivt perspektiv i forsøket på å avgrensa faget.
Faglege avgrensingar problematiske
Avgrensingar av hovudfagfelt er utfordrande og vanskelege. Korleis skal me relativt kort og forståeleg avgrensa fagområde som kultur, religion, historie, sosiologi, etnologi, arkitektur etc.? Og ikkje minst korleis kan avgrensinga av særfagfelt – som religionssosiologi, lokalhistorie, musikketnologi, brutalisme (arkitektur) etc. – utførast?
Definisjon og kategorisering
Definisjonar har med kategorisering å gjera. Me kategoriserer ein disiplin i høve til andre disiplinar. Og for å kunna kategorisera, treng me eit sett med parameter som kan vera med å avgrensa disiplinen mot andre fagdisiplinar eller i høve til den overordna disiplinen eller mor-disiplinen, her onomastikken, og i høve til andre onomastiske del- eller underdisiplinar.
Strukturen i nemninga sosioonomastikk
Disiplinen vår har merkelappen sosioonomastikk som er sett saman av to hovudlekkar: utmerkingslekken sosio og hovudlekken onomastikk. Hovudlekken onomastikk kan også delast opp i to hovudlekkar med ein hovudlekk og ein utmerkingslekk, men i denne samanhengen er dén samansetjinga uinteressant. I nemninga sosioonomastikk finst det vel ei nokså utbreidd samforståing i fagmiljøet vårt om at hovudlekken onomastikk tyder ‘namnegransking’. Ein kan sjølvsagt diskutera kva ‘namnegransking’ tyder og inneber, men også den problemstillinga er uinteressant i denne samanhengen, bortsett frå at fagfeltet sosioonomastikk skal ha noko med namn og namnegransking å gjera. Utmerkingslekken sosio i nemninga sosioonomastikk, er derimot utfordrande, for kva for innhald ligg det i denne termen og korleis kan, skal eller bør utmerkingslekken sosio styra forståinga eller definisjonen av fagfeltet sosioonomastikk?
Prefikset sosio
I termen sosio kan det semantisk liggja så mangt. Førelekken sosio vert nytta i ei mengd med nemningar som meir eller mindre presist karakteriserer eller avgrensar eit fagområde, eit fagfelt, eit studium – eller ein eigenskap. Slår me opp i nettordboka NAOB, som står for «Det Norske Akademis ordbok, får me mellom anna opp desse samansetjingane:
Sosiobiologi (substantiv)
Sosiofobi (substantiv)
Sosiolingvistikk (substantiv)
Sosiolog (substantiv)
Sosiologi (substantiv)
Sosiometri (substantiv)
Sosiopat (substantiv)
Sosiopati (substantiv)
Sosioøkonomi (substantiv)
Sosiokulturell (adjektiv)
Sosioøkonomisk (adjektiv)
Altså døme på ein variert bruk av førelekken sosio med ei stor breidd i semantisk tyding.
Sosionomastikk versus sosiolingvistikk
For oss er det nærliggjande å jamføra termen sosioonomastikk med sosiolingvistikk av di termen sosioonomastikk strukturelt er laga etter mønster av termen sosiolingvistikk. Dessutan er dei to termane parallelle ved at dei begge er konstruerte på eit språkleg grunnlag, lingvistikken. Sosiolingvistikk er ein del av lingvistikken, og også sosioonomastikken er ein del av lingvistikken då onomastikk også vert rekna som ein del av lingvistikken.
I begge tilfelle er det snakk om lingvistiske, altså språklege, disiplinar med eit sosio-perspektiv. Det vil seia at det lingvistiske perspektivet er det primære, ikkje sosio-perspektivet. Sosio-perspektivet modifiserer eller presiserer derimot den lingvistiske tilnærminga.
På møta våre, workshopane, kan me «mellom linene» tolka ei forståinga av disiplinen sosioonomastikk som at den er like mykje sosio som lingvistisk, det vil i praksis seia like mykje ein «sosial» eller «sosiologisk» disiplin som ein lingvistisk.
No kan ein diskutera i kva grad sosiolingvistikken alltid har hovudvekta på det lingvistiske aspektet, og om ikkje sosio-aspektet i fleire høve kan vera like eller vel så dominerande i dei praktiske sosiolingvistiske analysane og dei vitskaplege sosiolingvistiske arbeida.
Språksosiologi og namnesosiologi
Som ein pendant til termen sosiolingvistikk finst termen språksosiologi. Språksosiologi er den disiplinen som vert utført med hovudvekt på det sosiale perspektivet. Også slike arbeid og studiar finst det fleire av. Dei språksosiologiske arbeida vert tradisjonelt utført av fagfolk med ein sosialvitskapleg eller sosiologisk bakgrunn. Altså «sosiologiske» studiar av onomastisk materiale.
Dersom me innom vårt fagfelt skulle skilja mellom studiar av lingvistisk og sosial karakter, etter mønster frå den faglege kontrasten mellom sosiolingvistikk og språksosiologi, kunne me tenkja oss ein fagleg kontrast mellom sosioonomastikk og namnesosiologi.
Onomastikk versus samfunn – årsaker og forklaringar
Kva skal ein leggja i førelekken sosio i nemninga sosioonomastikk? Dersom me igjen jamfører med sosiolingvistikken, ligg det – i alle fall faghistorisk sett – eit sterkt element av årsakspotensiale i denne lekken. Disiplinen sosiolingvistikk vart etablert tidleg på 1960-talet, og målet var både å beskriva og å kunna «forklara», det vil seia kunne avgrensa eller identifisera årsakene til den språklege variasjonen i samfunnet på grunnlag av på førehand klart avgrensa sosiale makrostorkeikar (som sosial klasse, kjønn, alder, utdanning, yrke etc.). Altså bak låg det ei førestelling om eit slag styrande eller kausalt tilhøve. Det galdt å forklara språkleg variasjon på grunnlag av sosiale tilhøve. Framleis i dag kan me sjå korleis forklaringstilnærminga eller kausalitetstilnærminga dominerer sosiolingvistikken, enn om dei sosiale faktorane eller dei sosiale tilhøva som ein ser den språklege variasjonen i høve til, kan vera annleis enn på 60-talet. Eit viktig spørsmål for oss blir om også sosioonomastikken skal eit (sterkt) forklarings- eller kausalt perspektiv ved å leggja (hovud)vekt på å identifisera eller kartleggja sosiale årsaksfaktorar til onomastisk variasjon og praksis.